søndag 9. januar 2011

Veke 1 - år 2011.

Årets fyrste veke er over, det er sundag og tid for blogg-innlegg. Det at me føler tida fyk av gårde, er kanskje noko som aukar med åra. Eg syns me stadig øver oss i å skrive nye årstall. Men tjue-elleve er i gang, dagane kjem til oss på ny kvar morgon, og det er vår oppgåve å gjere dei gode! Her kjem eit glimt frå veka som var!

Måndag 3.januar
Eldstejenta sette i gang eit kjøkken-prosjekt:
Appelsinmarmelade av blodappelsiner!
Spennandes.
Tysdag 4.januar
 Romjulsstrikk!
Matilde som snart skal vere 5 veke på
 Svalbard ønskte seg ein ullbukse,
omtrent som dei gode buksene frå barndommen.
Då måtte pinnar og garn (frå lageret mitt under senga) fram i ein fart!
Onsdag 5.januar
 Terje har fått seg ny telefon,
og fekk knallgod hjelp av Guro for å
synkronisera, diggidera, og etterkvart kommunisera!!
Godt me har glupe data-ungar i hus!
Torsdag 6.januar
Julegjestene våre drog heim til leiligheten sin i Bergen.
Reisemåte denne gong:
Ein kjempegrei svigerfar som likar å kjøyre bil.
Fredag 7.januar
 Litt vår i stua.
Nå gler me oss til lysare tider!
Lørdag 8.januar
Farmor feira 86-års dagen sin.
Smørbrød, marsipankake, presangar,
og familie på besøk!
Sundag 9.januar
Liljene som gubben kom heim med
har begynt å spretta ut.
Nydelig!
Kjekt å få blomster av og til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar