søndag 9. januar 2011

Strikkekorgene mine.

Eg har ein last her i livet: eg lar meg veldig lett fasinere av garn! Flotte fargar, mønster..... det er lett å la seg rive med. Nyttårsfortsettet mitt dette året, er å bruke ein del av garnet som bur i dette huset. Målet er å ikkje kjøpe noko nytt på ei stund. Med å lage eit blogg-innlegg om emnet, føler eg det blir meir forpliktandes. Nå når fleire kjenner nyttårsfortsette mitt - må eg jo legge godviljen til for å greie det! Ein liten titt i alle strikkekorgene viser visst at eg har nok å gjere - lenge! Her er litt av det som er i gang, eller under planlegging. Så får me sjå seinare i år kor tid det vert fullført! Eg likar nemleg å ha mange strikketøy samtidig. Så derfor tar nokre litt lenger tid.  Me må jo vere forberdet til einkvar situasjon: eit strikketøy til bilen, eit i forening, eit til tv-titting, og eit avansert  til fristunder aleine!
 Min lilla tunika i lin begynner å ta form
 Dette skal bli ein grå tunika!
 Siste innkjøp i 2010:
Garn til ein fin vest.
 Lappeteppe - eit gammalt 2010-prosjekt.
Bør bli ferdig i 2011!
 Islandsgarnet - nye vottar er under planlegging!
Kjekke å ha som presangar.
Skottlands-garnet:
skal bli til sjal eller skjerf
 Restegarnet etter regnbue-teppet.
Det er nok til eit teppe til!

Litt forskjellig garn - både til
 lommetøfler og oppvaskklutar.
Hemmelege prosjekter!
Romjulskjøp:
Til jul skal me ha nytt teppe under juletreet!
(eg sa ikkje årstall, men me satsar på 2011)

Har eg mykje å gjer?
Her er det bare å bretta opp armane,
koke ein kopp te, innta godstolen - og kose meg!
 Godt nytt arbeidsår!

2 kommentarer:

  1. Fantastiske fargar, og for nokre kreative prosjekt!! Du imponerer med alt du får til!!
    Ka tid åpnar du utsalget?:)Klemrut

    SvarSlett
  2. Hei! Takk for besøk på bloggen min :)
    Når jeg ser bildene her, skjønner jeg at vi nok har noen fellestrekk, du og jeg....
    Ha en fin helg,
    hilsen Wenche

    SvarSlett