søndag 30. januar 2011

Veke 4

Årets første måned er snart over, og det er veke 4 og. Det går mot vår og lysare tider. Denne veka har me ant at våren snart skal komme, det er av og til eit litt vårleg drag  i lufta sjølv om gradestokken ligg og penslar rundt 0-talet. Men når sola stikk innom, gler me oss til sol og vår og varme. Veka er over, litt av kvart skjer i kvardagane, og her er vekas oppdatering!

Måndag 24.januar
 Koseleg bokpakke i posten.
Tysdag 25.januar
 Innkjøp av tulipanar.
Vårleg.
Onsdag 26.januar
 Bordet i stova dekka til koseleg venninnekveld.

Torsdag 27.januar
Aprikostreet utfor vinduet.
Gjer det seg klar for våren, tru?
 Fredag 28.januar
Desse søte smånøstene ville vere med heim.
 Ein liten tur innom ein garnbutikk
(skulle kjøpe eit nøste til eit påbegynt prosjekt!)
resulterte i desse.

Laurdag 29.januar
 Tur på stranda!
Kom over ei flott fjør.

Sundag 30.januar
Tur på stranda igjen.
(ryggen verkar ein del, og det hjelper å gå tur)
Hav, himmel og land
i samstemte fargar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar