lørdag 20. februar 2010

Snø , endå meir snø - og vinterferie!

Det er eit rart land me bur i! Snøen dalar ned ennå, og det ligg framleis store mengder med snø ute! Dette har me visst aldri opplevd før, med samanhengande snøperiode på over 2 mnd.I allefall ikkje me som er under 50 år! Gjett om me gler oss til våren og nye spirer i hagen som minner oss om at det tross alt snart kjem ein vår! Men flott har det vore, særleg når det er knallsol og stille ute!

Men nå er det vinterferie! Hurra! Ei heil veke fri! Første delen skal me vere heime, og nyte live (iallefall eg som har fri frå jobb!). Men litt rydding og vask av kjøkkenet har eg planlagt å få til! Kanskje litt baking og, og tid til strikketøy? På onsdag dreg me til fjells, i lag med den Sandnes-gjengen me var i lag med i fjor! Me gler oss til det: dagar med god mat, flotte skiturar kos og avslapping om kveldane, med strikketøy, spel og godt drøs!






Ikkje lett å vera fugl idag -
når fuglematen er så nerdynga av snø!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar