Eg har tre flotte jenter! Alle tre likar godt å skape noko med hendene sine! Ofta er det eit strikketøy dei tyr til når noko skal lagast! Nå har eg har tatt ein titt oppi
Guro si strikkekorg! Der var det fleire prosjekt på gang! Ho er glad i å strikka sokkar, både til seg sjølve og til kjærasten! Det gler eit strikkandes morshjerta når døtrene deler den same interessa som meg! Det syns eg er kjempekjekt!
Matilde strikkar og, ho har laga store mengder med selbuvottar, som både kjente og ukjente har fått gleden av å eiga! Ho har selt ein del av dei på
http://www.kanarifant.no/. Maren drar og av og til fram prosjektet sitt , men helst i feriar - ein heildress til seg sjølv er i ferd med å ta form! Plutselig ein dag er den nok ferdig!
Men her er dei siste prosjekta til Guro! Flotte sokkar, bare sjå sjølv!
Eg er jammen stolt av jentene mine!
Flotte sokkar med fletter på!
Dette skal bli "flysokkar" til Sebastian!
Grå sokkar med struktur.
Ein rosa draum...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar