søndag 29. august 2010

Veke 34.

Me er komne til veis ende på denne veka og, eller til starten av ei ny? I allefall, her kjem vekas "blinkskudd"! Jammen litt travelt å passe på at eg klarer å ta eit bilde kvar dag. Innimellom tenker eg: " Nå skulle eg hatt fotoapparatet med." Men kvar dag er spesiell, det skjer ofta noko spennandes!

Måndag 23.august
Maren satte igang med
kanelbollebaking!
Smakte kjempegodt!

Tysdag 24.august
Idag pøsregna det heile dagen.
Hausten er visst tidleg dette året.

Onsdag 25.august
Foreningskveld:
Kjekt å plukke inn litt blomar frå hagen!
Det var lite igjen - regnet og vinden
i går hadde tatt mykje!
Torsdag 26.august
Epletreet i hagen:
Snart tid for hausting.
Fredag 27.august
På hyttetur,
med korgene fulle av prosjekter!
Lørdag 28.august
Eg plukte alle eplene på treet på hytta!
23 ialt.
Prinsepler!
Sundag 29.august
Kådavågen på Randøy.
Ein god plass å vere.

1 kommentar:

  1. No fekk eg heilt hauststemning...Det er ei herleg tid å glede seg til!! Kjempefine bilde, det såg ut til at eplesesongen på Randøy har slått til!!

    SvarSlett