mandag 6. juli 2009

Seiltur!

Ein fin laurdag i juli var me så heldige at me fekk vere med Norunn & Livar på seiltur i "Pia"! Det var ein stor opplevelse! Eg har i utgangspunktet vore litt skeptisk til seiling, syns fort det er litt nifst med bølger og vind på sjøen! Men dette var fantastisk flott! Veret var flott, sol det meste av dagen, og godt og varmt! Me seilte innover Ryfylke, rundt Finnøya, og fekk sjå inn til "våre" øyer, Halsnøy og Randøy! Kjekt å sjå "verden" frå andre sida! På Talje gjekk me i land, åt nydelege reker på kaien, og gjekk ein rusletur innover øya. Me var oppom den gamle steinkyrkja og bortom skuleplassen. Kjekt å sjå plassen som ungdommane våre reiser på tur til kvart åt! Ombord i båten igjen koste me oss me jordbær og vaniljesaus, men sola titta ner på oss mellom skyene, og kvelden seig på! Ein FANTASTISK dag!! Tusen takk til vertskapet, me blir gjerna med igjen!!


Terje fekk prøve seg som styrmann!


Damene slappa av i sola på dekk!

Nydelig mat i godt selskap!


Kjekt å ver på tur!
Kveldssola!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar