mandag 13. juli 2009

Tur til Preikestolen!

Søndag 12.juni drog me på tur - denne gong heile 4 i bilen! Maren og Matilde ville vere med "dei gamle" på tur! På "tindebestigning" i lag med mange turistar! Lenge sidan me hadde vore på Preikestolen nå! Veret var tåleg bra, litt overskya, men fint turver! Jentene såg me bare snurten av, dei ar betydelig sprekare enn foreldra! Så dei satt fint å venta på oss ute på tuppen då me ankom "stolen"! Kjekt å vere på tur - mye rart å sjå, av fottøy, ryggsekkar o.l.

Spreke jenter på tur!

Terje på tur!

Oi, eg var litt uheldig og vart
hengandes utføre Preikestolen!
Men eg var heldigvis så sterk i armane
at eg kom meg fint opp att!!
Mektig natur!

1 kommentar:

  1. Du er kjempetøff Tone!!! Stål i bein og armar...:) Eg er glad for at du kom deg opp igjen, og håpar me treffest snarleg!! Gode sommardagar vidare.. klemsrut

    SvarSlett