Nå har me vore på tur igjen, i år har me delt opp ferien, tatt litt då - og resten nå! Først gjekk turen til hytta! Alltid godt å vere der! Me hadde mykje besøk, både av gode venner, Maren og Vilde, svoger Svein og Kjerstin, og av Matilde og Aleksander! Kjempekjekt alt saman! Og Terje hadde kjøpt seg ny båt - den gamla streika heilt! Det einaste var at veret var litt dårleg, ein del regn. Så la me ut på sykkeltur, frå Tonstad til Egersund! Flott tur, over Tronåsen, vonde kner, gode sykkelvenner!
Tilslutt tok me turen til Sunnmøre - til brylluppet til Kristian og Ester: Flott dag, kjekk fest, fantastisk mat - og nydelig brudepar. Heimturen tok vi via Oslo - og var turistar i hovedstaden vår. Her var me på Teknisk Museum, spaserte på Operaen og i Vigelandsparken, me var på Bygdøy og kikka på Fram-skuta, og litt på shopping! Kjekke dagar! Nå er me heime igjen, kvardagen skal snart begynna igjen - og det er kanskje litt godt og! Kjekt med ferie, men alt godt må ha ein ende! Godt å komma igang igjen, og kjenna den vanlege kvardagen og!
God frukost ilag med Liv Oddny og Ivar

Kaptein i ny båt! Maren og Vilde lagte blåbærsaft!
Dei nyforlova - på istur til Skartvedt!
Sykkeltur i regn!
Matpause i Virak !
Dei nygifte!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar