Eg tok like godt ein oppsummering i bokhylla og - eg fant jammen nokre påbegynte prosjekter der og! Eg er litt "skrivandes" av meg - liker å dokumentera ting, lime inn bilder, osv. Kvar haust når ferien er over er det Feriedagboka som må oppdaterast! Me skriv nemleg dagbok når me har ferie, over store og små hendingar. Dette har me holdt på med sidan 1983 - i 26 år! Sa nokon at me var blitt gamle? Terje er og med og skriv underveis på ferien, annankvar dag, og når me kjem heim, er det mi oppgåve å skrive det fint inn i ei bok, saman med bilder, kvitteringar, kort, billettar osv. Feriefølelsen og dei gode opplevelsane sitt litt lenger i på denne måten! Og jammen er det kjekt å gå tilbake i gamle bøker og lese om "svunne tider" då ungane var små, eller den første kanoturen me hadde i Vegårdsvatnet i 1983!
Eit anna prosjekt er albumar! Nå ligg det bilder "på vent" - både frå Maren sin konfirmasjon og Roma-turen i vår! Nok å gjere her og!
Og det siste prosjektet mitt er ei slags familie-minnebok, der eg skriv litt om store og små hendingar i løpet av året. Saman med bilder blir det og ei kjekk bok å bla i!
Ferieboka er under arbeid - det nærmar seg ferdig!
Mykje godt arbeid igjen her!
Familie-minneboka!
Denne har vart sidan år 2000!
Hausten er ein fin tid!
Nå gjeld det bare å få gang på desse
prosjekta som eg likar å holde på med!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar