lørdag 29. august 2009

Oppsummering i strikkekorga!

Det er blitt haust! Vind og regn støymer over oss dagleg! Sommaren er definnetivt over - og det er godt å kunne ta ein oppsummering i strikkekorga og finne fram påbegynte prosjekter og prøva å fullføra dei! Eg hadde visst litt mange påbegynte........ Men ilag med ein god kopp te, litt stearinlys og feks godt drøs - er det utruleg kva ein kan få utretta! Hausten er ei fin tid! Det er nemleg noko magisk med garn! Eg vert inspiret av flotte fargar og ulike kvalitetar! Det kriblar i fingrane etter å finna på nye prosjekter og setta i gang!



Strikketeppet til hytta er snart ferdig!
Eg held på med kanten rundt!
Flaks eg tok lilla! Det er jo så "in" i år!!


Dette skal bli eit stort, tova sitteunderlag til ein benk på hyttå.

Vaskeklut-prosjekt til Guro!
Guro skulle få med seg "Mors heimestrikka"
når ho skulle på hybel i haust!
Nå er avleveringa utsett inntil vidare!

Flotte fargar! Eg er glad i blått.....


Brodering på gang!
For 1.gong held eg på med bunadsbrodering!
Storsjal til Matilde!
Ferdig til 17.mai - men eg har ikkje sagt årstal ennå.....

Jakke-vest!
Strikka frå halsen og ned!
Det var så nydelig garn!
Måtte bare strikke noko av det!

Jakke i Alpakka-ull! Nydelig og tynt garn!
Ein tålmodighetstest å strikka av det!
Men nå kjem eg snart til det kjekka -
rundt bærestykke med striper på!
Eg glømte å ta med ullteppet som er bil-strikketøy! Det skal varme Maren i kalde vinternetter! Og har fast plass i bilen!
Og neste helg skal me til Island! Gjett kva eg har lyst å kjøpe der? Ja, eg håpar eg finn masse flott islandsgarn!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar