Me syklar ein del for tida. Ikkje på det gamle vraket, men dei vanlege
gode syklane våre. I går var det mor som fekk besøk i motvinden, ein god
og frisk tur på litt over 2 mil samanlagt. I dag var det nydeleg ver på Jæren, og me la ut på tur
igjen. Tjelta, Hellestø, Ølberg, Hålandsmarka, Gimra, Malmheim og Voll
var plassar me var innom i dag. 3,3mil til saman. Me øver oss til
pinsen, då skal me nemlig utenlands på sykkeltur: Saman med våre gode
sykkelvenner på Ålgård skal me sykle til Skagen og Fredrikshavn i Danmark. Me gler
oss -
og trener oss på å sitta lenge på sykkelsete.
|
Hellestø strand - ei av dei flottaste strendene langs Jærkysten. |
|
Ølberg havn - her lukta det like godt sjø og strand som då me var små. |
|
Sjøhusa på Ølberg |
|
Heia Norge! |
|
Eit minne frå Rallarvegen! Snart er me på tur igjen - me har bestilt sol heile tida denne gongen! |
Glede oss!!��������. Siri og Tormod
SvarSlett