søndag 22. april 2012

Hyttehelg

Ei ny hyttehelg med gubben er over. Det er verkeleg godt å setta seg i bilen fredags ettermiddag etter ei travel veke, og reise av gårde. God nistepakke , kaffi og avis i ferjekøen gjer godt underveis. Denne helga har sengene fått nye madrasser, så nå kan alle få kvila godt i hyttesengene. Og me har oppgradert kjøkkenet. Slitte benkeplater med vannskade er skifta ut med nye flotte Ikea-plater. Og veggene i kjøkkenkroken har fått eit strøk av panelbeis, farge "Shabby" - ein gråfarge. Me vart kjempefornøyd! Kjekt å fikse litt. I år var hytta akkurat 20 år, så noko har jo blitt slitt på desse åra! Til og med kjøkkengardina fekk seg ein omgang på badet, med sentrifugering etterpå. Me har ikkje vaskemaskin, kun ei gammal sentrifuge:-)

Salt og brød - viktig for gode måltid!

 Ein gammal hjulvisp - kjekk å ha!

Fine hekla blonder - svigerinne Kjerstin sitt verk -
ein "arv" etter tida som sameigara!
Ein rusletur lang svaberga - mange flotte tuer
med strandnellikkar - snart i blomst!

Me planta ein del løkar i haust - denne spennandes sorten var vokst mykje.
Spennandes om me får sjå når den blomstrar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar