torsdag 6. mars 2014

Allereie mars?

Eg trur me har vore i hi i vinter. Det kjennest iallefall litt slik. Full fart heim frå jobb, sluke middag - og på med malekleda. Me har brukt mange timar, mykje maling, og mest av alt kost oss med arbeidet. Men det har tatt tid og ein del krefter. Kjenner at det er godt å finne senga når kvelden kjem sigandes. Det gjer godt å få til noko, og vere fornøyd etterpå med både innsatsen og resultatet. Nå er vegger og tak ferdige, i både stove, kjøkken, gang 1.etasje og gang 3.etasje. Det øverste trappa er snart klar, og den nederste trappa har nokre malingsstrøk igjen ennå. Men ellers minkar det veldig. Nye gardiner er komne på plass, møbler er tatt fram og bildene skal snart opp på veggen. Me har benytta anledningen til å rydde litt i skuffer og skap, og prøver å ikkje sette på plass igjen ting me ikkje likar så godt lenger, eller som er utslitt. Godt å rydde litt.

Litt putle-arbeid.

Av og til er det praktisk å vere lågast i familien.
Då kan eg nemleg balansera
sånn nokonlunde oppå kjøkkenbenken
uten å bøye hodet så mykje.


Innimellom strøka har me og vore på vinterferie med masse snø, kjøpt ny bil, ("store Blå"), og vore med på ein kjempevellykka boklansering for Eldstejenta si  bok -   "Syltetøy året rundt" .Nydeleg bok! Kan anbefalast.
Stor og flott bok. (og jente:-) )

Nydelege smaksprøvar

Bøkene gjekk verkeleg unna!
Det var mange som ville kjøpe.

Og nå kan ho finnast i mange bokhandlara.

Men andre ting har visst blitt sett litt på vent. Ikkje like godt å vere på topp på alle frontar heile tida. Bloggen har stillna litt, og faktisk strikkepinnane og. Ikkje like mykje tid igjen til det. Men nå er me i gang igjen.
Einaste ferdige prosjekt i det siste -
varm shorts til Minstejenta.

Ein liten smakebit frå den "nye" stova vår.
Nymalt vitrinskap


Nye gardiner.
Heilt tynne og lette.

Dei gamle gav eg bort på Finn.no

Grå trapp.

Frå kjøkkenet.
Gråe liftgardiner der.

4 kommentarer:

  1. å jøje meg her vart det fint:) vitrineskapet vart jo bare nydeligt. men det må ha vore et pirkearbeid:)
    hilsen Ragnhild
    ps. boka var veldig fin ( men ikkje så fin som jenta :-) ). koste meg og leste litt i går kveld, glede meg til resten.

    SvarSlett
  2. ¨For et storarbeid, men jammen ble det fint! Gratulerer med eldstejenta! Hun er både vakker og flink! Artig den shortsen du har strikka også! Det er vel moderne igjen. Så Marion Ravn på TV med shorts, eller hot pants som det het da jeg var ung.

    Riktig god helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja det var mye arbeid, men det er akkurat som me gløymer det litt når me er ferdige.

      Slett
  3. Wow! Ser kjempeflott ut.... og vannvittigt møje arbeid!!!!! Junhild

    SvarSlett