torsdag 13. februar 2014

Ferdig - for siste gong!

Kvardagen er for tida litt travel. Det går mykje i  i jobb og maling. Men eit prosjekt er likevel avslutta, på tross av at strikkepausane er småe. Strikkepinnane er jo bytta ut med malekost dei aller fleste dagane. Nå har me malt i ein måned, mykje er ferdig, men ein del er igjen og. Men innimellom bare eg strikke litt. Og etter maleøkta, når me sig ner i kvar vår godstol på loftstova, då er det tid for nokre omgangar med pinnane.
Nå er det "hus-og blomster-jumperen" som er ferdig. Den rekte eg opp  nedre delen av, for eg irriterte meg over vrangborda som stod ut i "lause lufta"! Sikkert bare eg som såg det, men slik er det nå ein gong. Eg tar heller arbeidet med å strikke den på ny, enn å gøyme den innerst i klesskapet. Dyrt garn og.... Men nå er det ferdig, både strikka opp igjen og maska på øverste delen, så nå kan eg bruke den igjen. Hurra! Men det er siste gong eg gjer noko med den jumperen.





Med malinga går det framover. Gubben har stor arbeidskapasitet, han utnytter dagane fullt ut. Eg heng litt halsande etter. Likar nok best å få det servert og tilrettelagt, slik at eg kan bare komme når utstyret står klart, og så ryddar han opp igjen etterpå. Men eg ser at eg greier meg bra eg og, og det gjer god mestringsfølelse. Eg har alltid vore litt slumsen, men eg kan vere nøyaktig med dette og, om eg bare vil:-)
Nå er stova, gangen oppe, halve kjøkkenet og  vitrinskapet ferdig. Gelender og trapper er under arbeid, og gangen nere, resten av kjøkkenet og ei bokhylle skal snart begynnast på. Me ser snart slutten! Men det er kjekt å jobbe samen,  for Gubben og meg, av og til i stillhet og av og til med gode samtalar.
Trappespiler

Gelender på geledd.

Me har åpen løysning med to trapper i stova.
Det blir mange gelender og spiler av det.

Hyllene til vitrinskapet.

Det billige skapet som me kjøpte brukt for lenge sidan, har blitt grått.
Eg syns det er artig å bruke om igjen ting, og ikkje bare kjøpe nye.
Eg er godt fornøyd med fargen, grått utanpå og kvit inni. Inspirert av kollega Mari.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar