Me har hatt ei nydeleg helg, strålandes sol i fleire dagar, kuldegrader og kaldt flott ver. Ei kjekk helg, med vennesamvær både fredag og lørdag, og flott tur langs stranda på sundagen. Mens me gjekk der i vannkanten og nøyt solstrålene, tikka det inn ein kjempekoseleg melding frå gode venner:" Har tent opp i bålpanna i hagen! Lyst på kakao og bollar? Ta med reinsdyrskinnet!" Sjølvsagt hadde me det! Utruleg koseleg å få slike innvitasjonar. Kakao,
marshmellows-snømenn, kanelsnurrar, bål, brente mandler, mandariner - det første måltidet utedørs dette året! Ein god start på utesesongen! Tilslutt vart helga avslutta med koseleg familieselskap hos Rekkehus-Guro & Sebastian! Veldig koseleg å gå på besøk til ungane - litt rart når dei har flytta ut. Ellers vart det tid til litt strikking innimellom. Gubbe-jakken, Camille-sjalet og tunikaen har blitt litt lenger, Dvs - gubbe-jakken rakk eg opp igjen ein god del på, men nå er eg på veg oppover igjen. Ikkje alltid lett å vere fornøyd med ein gong. Syns pinnane vart for tjukke:-)
|
Mange var ute på tur i dag. |
|
Fine steinar - med lange vinterskyggar. |
|
Flott marshmellowsnømann - smakte godt i vintersola! |
|
Innbydandes serveringsbrett! Alltid kjekt å komma på besøk der i huset |
|
Flott å vere i lag med gode venner |
|
Eg ønsker meg ei slik..... |
Og så litt strikking:
|
Eg trur det blir fint dette. |
|
Kan bli bra dette og! |
|
Litt igjen ennå, men det nærmar seg slutten. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar