søndag 11. desember 2011

11.desember - og luke nr. 11

3.sundag i advent - etter ein god arbeidslørdag!
Sundag er kviledag - eller ein dag til å gjere aktiviteter som gjer oss avkobling og påfyll. Denne dagen vert ein slik dag. I løpet av den tida eg og gubben har halde lag, har me opparbeid oss nokre juletradisjonar. Ein av dei er adventsfrukost i lag med eit av våre gode vennepar her på Klepp. Det starta me med då me var nesten utan ungar. Dei var iallefall små. Nå er det kjempekoseleg frukost for 4 vaksne! Me gler oss til det. Ein annan og nyare tradisjon er julekonsert med Gjesdal Brassband, her er det Tormod Turkompis som er med. Veldig kjekt å få med seg litt julestemning. I kveld skal me altså i Frøyland Orstad kyrkja. Me gler oss til det og! Innimellom skal me "ta oss av" dei gamle mødrene våre. Koseleg det og. I dag har me nemleg nybakt melkebrød og havrekjeks å by på, etter gårsdagens bakeøkt. Ellers fekk eg pakka inn alle julegåvene i går - og fann ut at eg er  ferdige med dei! Ein god følelse! Eg er ikkje så glad i å traske rundt like før jul med massevis av folk og kø. Kanskje eg ikkje har det så travelt som eg trur likevel ? Klesvask, støvsuging, liten handletur, besøk om kvelden, taccorestar ilag med Guro som blei ferdig med siste eksamen i går, var og ein del av lørdagen! Ein god dag:-)


Å, eg gler meg til å få gje desse pakkane. Håpar mottakarane blir glad!

Havrekjeksar høyrer med - med geitost på!

Melkebrød med rosiner - knallgodt. Eg har fått oppskrifta av Eldstesyster.
 
Terje øver til opptaksprøven i Gjesdal Brassband.  Han håpar på ei litt meir interessant musikk-karriere enn å "spele ingen rolle" eller å "stryke på dør". Kanskje dei tar opp aspirantar? Instrumentet han trakterer heiter "klari-vann-røyr".

3 kommentarer:

  1. Spanande å lesa "adventskalenderen" din. Er imponert over at du har bakt så fine havrekjeks, og gjærbaksten såg innbydande ut:)Fine bilete får du og til:) Takk for ein koseleg føremiddag, det kallar eg kvalitetstid:) Ønsker dykk ei fortsatt god adventstid:) Klem Liv Oddny

    SvarSlett
  2. Veldig flott at du set julekonsertane til Gjesdal Brass Band så høgt! Håpar du ikkje blei skuffa i kveld heller. Når det gjeld Gubbben, så er det alltid rom for nye talent, og me har folk som sikkert kan arrangera noko type 'Watermusic' som kan passa ...
    Tormod.

    SvarSlett
  3. Det er bra! Kvelden var kjempefin! Ein flott juletradisjon!

    SvarSlett