søndag 25. januar 2015

Oppdateringar

Det er sundag - det er på tide med ein liten oppdatering. Eg har hatt ei fredeleg helg - rådd grunnen aleine her i huset. Gubben har vore på Hallelujaseminar for karar, eg måtte nøye meg med eit lite hurrarop frå sofakroken då eg fekk fjernsynet til å virke på eigenhånd! Ikkje lett når ting vert for avanserte! Uansett - god til til strikking, og ulike oppdateringar. Eg er visst glad i dokumentasjon og oppsummering, i allefall i heimen. Og så likar eg bøker, både slike eg kan lage, bloggbøker, feks, eller fotobøker, eller feriedagbøker..... Kjekt å vite kva som er gjort og korleis det går. Kva hendte undervegs? Eller ei strikkebok eller to i posten. Det lyser opp i kvardagen!

Feriedagboka er i ferd med å ta form.
Me har skrevet dagbok kvar
sommarferie sidan
1982, trur eg.
Kladdar på turen,
eller skriv rett inn på data,
og limer inn heime.
Litt treg i år...


Juleboka -
Med kjekke hilsener og bilder
frå jula.

Ny bloggbok.
Nr 5 i rekka.
Betsilt frå www.blog2print.com

Turprosjektet eg og Gubben har starta på, har måtta kvile denne helga. Godt me har god tid til å nå målet vårt om dei 52 turane. I stadenfor har eg hatt to "bonusturar" - flotte turar aleine på stranda i vind og blåst. I allefall på fredag: då letta eg nesten i motvinden. Men herlig. 5 km kvar tur - gjer godt for heile kroppen.
Mange flotte bølger i dag!

Ut på tur!
Selfi på stranda!
 Og oppi strikkekorga, kva finn me der, tru? Litt forskjellig! Eit teppe nærmar seg ferdig - alltid kjekt når noko vert fullført. Ellers litt småting, og litt småe kler...... kjempekjekt å strikke.

Struktur-teppet.
Held på med blonden nå.
Vottar med Shetlandsgarn.
Men eg har feilberekna garnet.
Trudde eg greide par nr. 2 og.
Men eg har ikkje nok!
Så eg har bestilt påfyll frå Shetland.
Må jo gjere ferdig ....
Resteprosjekt - håndkle i bomull!
Herlig med stripefest!

Lettvindt strikk.


Kauninøstene mine skal bli til ein fargerik
Fana-genser eller kofte.
Har ikkje bestemt meg ennå,
 men eg har bestilt myntknappar.
Må kanskje vere kofte då?
Eg vil nok vise igjen i denne!

Litt hemmeleg strikk.
Må nok fortelle meir om dette seinare.

Det raude passar nok best i einerom

1 kommentar:

  1. Her var det jammen mye på gang! Så smart med de bøkene! Det er noe eget med det en kan holde i hendene. Spennende strikkeprosjekter også. Jeg følger med. Jeg ble ferdig med den fargerike Fana-genseren min i dag, men den ble i største laget. Kommer nok på bloggen en av dagene. Må finne en passende modell først.

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett