søndag 11. januar 2015

Veke 2 - og ut på tur.

Ei fin helg er snart over - og heldigvis fann me tid for vekas tur. Kan ikkje ligge litt etter allerede så tidleg på året. Men helga har vore travel, med både utskriving av ei gammal mor frå sjukehuset, 90-års dag for den andra gamla morå, og "stormen Nina" blåsandes ute. Men i dag hadde me ledig frå morgonen av, og pakka niste og tursekk og drog innover i landet. Håpte på litt mindre vind her enn ute me kysten.

Me drog til Gramstad som ligg like utanfor Sandnes. Her har me gått mykje frå me var småe.  Kubbetjønn var eit ynda turmål på 60- og 70-talet. Nå tok me gamlevegen innover, ikkje den nye grusvegen som passar for barnevogner og rullestolar. Det vart litt kort, så me tok likegodt vegen vidare opp til Bjørndalsnuten. Flott topptur, årets første. Ein del vind, ein del sorpe, ein del snø og hagl, men - me kom oss til topps. Her var det ganske blåsandes. Men utruleg kjekt å komma seg opp på ein topp. Det gjer god mestringsfølelse. Men ein liten rastepause - med litt fotografering (av splithoppet)  - tok me oss tid til i ly av varden! Her skal me gå fleire gonger - i varmare ver.

Lengde: 6 km

Tid: 2t og 20 min.

Høgdemeter: totalt vart det 725m. 
Det gjekk ein del opp og ner.

Ver: Overskya og mest opphold, 
men innimellom kom det
litt solglimt og haglskurar.

Klar for start frå Gramstad.
Gubben kosar seg med Go-Pro-kamera undervegs.

Hit - eller dit ...
Jatakk, begge deler!

Ved Kubbetjønn hang ei fin slengdisse.
Den måtte sjølvsagt prøvast.

Litt snø innimellom tuene.

Sol, hagl, vind!
Flott å vere ute.

På toppen!
Bjørndalsnuten - 362 meter høg.

"Gubbehoppet".
Vanskelig å halde balansen pga mykje vind.
 

Nista:
Litt sjokolade og mandarin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar