Det er sundag, og det er tid for tur. I dag vart det ein nydeleg dag etter mange stormfulle dagar. Me tok oss fri frå andre forpliktelsar, pakka sekken og var klare for å dra, då me fekk ein telefon. Gode turvenner lurte på om me ville på tur i dag og! Så då gjekk turen via Ålgård for å hente passasjerar til baksetet, før me drog til ferja på Lauvvik. Hytta var målet, for å sjekke litt etter alle stormane, og ta turen til Randåsen. Her har me vore mange gonger før, men ikkje i midten av januar og med snø på fjellet. Men dagen vart aldeles nydeleg! Heilt stille, knallsol - det var bare ein fantastisk dag. God nistemat hadde me med, og kaffi på kanna! Og strikketøy i solveggen tilslutt, før me trilla heim igjen. Takk for ein flott dag og ein flott tur!
Lengde: 5,89 km
Tid: 3 timar med ein god pause på toppen.
Høydemeter: 367 meter
Ver: nydelig sol og 0 - -2grader.
|
Godt å vere her igjen. Bare synd det var ein kortur. |
|
Me har ein fantastisk hytteutsikt. |
|
Ut på tur - opp gjennom skogen. |
|
På toppen fann me tjernet islagt. Det var sjeldant syn. |
|
På toppen! |
|
Godt i sekken! |
|
Ikkje lett å ta "hoppet" på eit snødekt stuuuup! |
|
Gubben greide det! |
|
Tilbake på hytta var det godt å nyte nokre solstråler i hytteveggen. |
|
Og ha ei lita strikkestund før sola gjekk ner! |
|
Så var dagen nesten over -
det var på tide å dra heim. Takk for ein flott dag! |
Dette må ha vært en praktfull dag! Nydelige bilder! Viktig å nyte slike dager til fulle.
SvarSlettGod uke videre fra Ingunn
Tusen takk!
Slett