søndag 1. februar 2015

Langs havet - i veke 5.

På tide med ein ny tur! Etter veker med mange sjukebesøk hos mor som framleis er sjuk, var det flott å vakne opp til ein nydeleg søndag med solskinn og tid for ein tur. I dag tok me bilen fatt og drog sørover til Kvassheim fyr. Dette er ein flott plass å starte turen frå. Me hadde med oss storesyster Jorunn som var heime denne helga. Å rusle langs sjøen på frossen mark - med sola midt i mot - det gjorde godt i dag.

Lengde: 7,77 km

Tid: 2 timar ca, med pause.

Høgdemeter: me holdt oss toppen 1 meter over havet heile tida.

Ver: Strålandes sol frå knallblå himmel.
 0 - 2 minus-grader.

Start på Kvassheim fyr

Kjekt å vere på tur med syster Jorunn.

Gubben var og med!



Ver og vind har forma denne steinen.
Nesten som ein sofa.

Godt med ein kvil!

Glad-hoppet - eller litt anstrengt?
Smiiiil:-)

Ved "Hitlertennene" på Brusand.
Tid for litt kaffi og mat!


Raunen fyrlykt og nødhavn
som ligg like utfor kysten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar