Ei friveke er over - me har hatt ein god pause frå kvardagen. Gode avslappandes dagar, både heime og på tur. Onsdag ettermiddag drog me til fjells, til Bortelid - ei lita li langt borte! Me hadde skiutstyr, strikketøy, tjukk bok, varme kler, og god mat i sekken, og var klare for fine skiturar. Herlig. Ikkje heilt topp ver heile tida, men brukbart. Kjekt å gå tur i lag med gode venner. Tilsaman fekk me gått 45 km på ski - det er me godt fornøyde med. Og utruleg kjekt å gå på ski igjen. Så sjølv om den eine tåa alltid blir blå og hoven, og svetten renn nedover ryggen i motbakkar - så er det verd strevet når me suser nedover bakkane igjen. På eine turen fann me ein liten cafè inni fjellheimen og - det sette ein ekstra spiss på turen! Knallgodt med nysteikte vafler med brunost på tur.
Og dermed var tur nr. 9, 10, og 11 gjennomført. På alle hadde me niste med oss, turkler på og loggen er utført i turboka vår. Godt å ligge litt på pluss-sida.
|
Kjekt å vere til fjells. Damene i blått og røde gubbar. |
|
Eg trur Gubben smugtrener på splitthopp! Han får det til med ski på beina og! |
|
Eg er visst best med ein fot i lufta! Hurra for skitur! |
|
Pause. |
|
På toppen av skitrekket! Like blid som sola. |
|
Åpen cafè midt på fjellet - i ei lita jakthytte. |
|
|
To tyske damer selde heimelaga gode kaker kaffi og kakao og nysteikte vafler. |
|
Fjell-luksus |
|
Utsikt frå ein gapahuk! Godt å ha eit mål for rastepausen. |
|
Vårsola varmte litt! Nydeleg etter mange regndagar! |
Så koselig... herlige skitur. Jeg håper jeg tar en tur i mars :-))
SvarSlettTakk for bilder. Ha en riktig fin uke fortsatt. Hilsen fra Viola