Denne veka har me greid to turar! Det er kjekt. Den første var ein kveld i veka, me tok føre oss stranda som me er veldig godt kjent på, men gjekk litt lenger. Me tenker oss nemleg at me skal prøva å gå heile strekket frå Tungenes fyr til Ogna eller der omkring. Det vert det jo mange turar av, og me prøver å tenke ut kor det er lett å starte neste gong. Me skal ikkje hoppe over nokre meter, nemleg. Her på Jæren har me jo milevis med strender. Godt terreng å gå i. 6 km på litt over 1 time.
Tur nr.2 denne veka gjekk til Sandnes og småfjella rundt der. Me kjørte til Gramstad, tok vegen oppover til Fjogstadnuten, over fleire kollar og opp til Dalsnuten. Her hadde me ein god rastepause, med kakao, nybakte bollar og appelsin. Og så tilbake til bilen. 5 km på 1,5 time + pause. Denne turen var mykje brattare.
"Steinkjerringa" På Fjogstadnuten |
På Dalsnuten. Her var mange andre folk og. |
Folk kler seg jammen forskjellig på tur! Japanara i kjole og joggesko. Me hadde fjellsko og Devold. |
Kjekke dyr! |
Alltid kjekt med tur, og lurt å sette seg mål som er gjennomførbare. Litt rart å se at det er bart hos dere, men det er vel det som er forskjellen på kyst og innland.
SvarSlettGod søndag fra Ingunn
Takk for det! Ja eg skulle gjerne hatt litt snø rundt dørene - nokre veker, men så er det utuleg godt med den lange gode våren her på Jæren! Me får heller kjøre til fjells og finne snø.
Slett