Det har vore ei spesiell veke. 3 dagar i Bergen, ambulanseflytur, lange
sjukehusgangar, venting, hotell, bybane, mykje strikking, nydeleg
vinterver med sol og snø, mange timar saman med mor, på cafè - både aleine og med slektningar,
koseleg besøk av nieser, god hotellfrukost, tid i lag med syster Jorunn, og vellykka hjerteoperasjon
for mor. Tilslutt ein dag på jobb, frisørtime og hyttehelg! Utruleg
variert veke.
| Me hadde spesialfly på veg opp. Har aldri hatt så eksklusive billettar før. |
| Frå Bryggen i Bergen. Eg måtte ha meg ein liten luftetur til byen. Regnar ikkje alltid i denne byen! |
| Kveldstid. Ullrikken (som eit lite rødt lys), månen, tur over kjerrkegarden, og middag hos eit tantebarn. |
| Kjekt med cafebesøk med syster Jorunn og niese Elin. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar