fredag 29. august 2014

Teppefryd!

"Sjå kva eg har lagt!"
Yndlingssetningen i fam. Skår
Eg er inne i ein god stim. Gjere-ferdig-stimen! Endå eit strikk er ferdig - og dette vart riktig stort før eg gav meg. Stripeteppe alà Arne & Carlos. Utruleg kjekt å strikke - det skjer mykje undervegs, nye fargar, nye kombinasjonar, og mange oppbrukte nøster . Veldig kjekt å bli kvitt ein del av nøstene som var på lager, som bare låg der til ingen nytte.  For kva  kan ein vel bruke halv nøster til - i ulike fargar?  Jo, teppe var ein fin ting! Eg hadde mange smånøster i haugen min - brukte opp ca 40 stk. Det vart fine 400 kroner i strikkekrukka mi. 10 kr pr. nøste! Kunne tru me budde i eit kjøleskap her i huset, det har blitt mange tepper etterkvart. Men me har jo ei hytte, og eit eldhus/ hagestove. Godt med eit varmt teppe der og.
Eg valgte å bruke fargar som gjekk i blå, grønt og lilla - med ulike nyansar, samt ein del kvit, beige, brunt som kontrastfargar. Alt er ikkje samme garnsort, men sånn nokonlunde same tjukkelse. Innimellom det andre garnet viste det ikkje forskjell. Rundt kanten hekla eg ein omgang fastmaskar og ein omgang med picoter. Blei ein fin avslutning, og skjulte dei ujevne kantane som kjem når du bytter garn ofte.
I sommar hadde me mange lange kjøreturar, då var teppet perfekt bilstrikketøy. Passa like godt inne i tunellar som ute på landevegen. Eg treng ikkje kikke ner så mykje når det går i riller. Nå er det ferdig - eg har allereie lyst å strikke eit til. Eg har mange nøster i rødt, gult, oransje, grått...... litt varmare fargar. Men først må eg nok ta fram regnbueteppe nr. 2 i domino.

Eit tilbakeblikk - eg er i gang!

Det veks - fine inspirerandes fargar!
Eg er kjempeglad i desse blåe, grønne, lilla fargane.



Heilt ferdig!


Kanten rundt.
Blåe picoter.

2 kommentarer:

  1. Teppe ditt blei nydeleg i fine farger!
    Det trengs eit teppe til hytta vår og eg har veldig lyst til å strikke dette.
    Det fristar ennå meir når eg ser det flotte teppe ditt ;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du lar deg inspirere. Ein kan jo bruke det ein vil av garn og fargar, teppet vert til mens ein strikkar. Eg la opp 250 maskar, på pinne nr. 3,5. Brukte garn som Silja, babyull.... Lykke til med ditt teppe!

    SvarSlett