"Sjå kva eg har lagt!" Yndlingssetningen i fam. Skår |
Eg valgte å bruke fargar som gjekk i blå, grønt og lilla - med ulike nyansar, samt ein del kvit, beige, brunt som kontrastfargar. Alt er ikkje samme garnsort, men sånn nokonlunde same tjukkelse. Innimellom det andre garnet viste det ikkje forskjell. Rundt kanten hekla eg ein omgang fastmaskar og ein omgang med picoter. Blei ein fin avslutning, og skjulte dei ujevne kantane som kjem når du bytter garn ofte.
I sommar hadde me mange lange kjøreturar, då var teppet perfekt bilstrikketøy. Passa like godt inne i tunellar som ute på landevegen. Eg treng ikkje kikke ner så mykje når det går i riller. Nå er det ferdig - eg har allereie lyst å strikke eit til. Eg har mange nøster i rødt, gult, oransje, grått...... litt varmare fargar. Men først må eg nok ta fram regnbueteppe nr. 2 i domino.
Eit tilbakeblikk - eg er i gang! |
Det veks - fine inspirerandes fargar! Eg er kjempeglad i desse blåe, grønne, lilla fargane. |
Heilt ferdig! |
Kanten rundt. Blåe picoter. |
Teppe ditt blei nydeleg i fine farger!
SvarSlettDet trengs eit teppe til hytta vår og eg har veldig lyst til å strikke dette.
Det fristar ennå meir når eg ser det flotte teppe ditt ;)
Så kjekt at du lar deg inspirere. Ein kan jo bruke det ein vil av garn og fargar, teppet vert til mens ein strikkar. Eg la opp 250 maskar, på pinne nr. 3,5. Brukte garn som Silja, babyull.... Lykke til med ditt teppe!
SvarSlett