Men det er ikkje alltid ting utviklar seg slik som ein planlegg. I år hadde verkeleg tenkt at sommaren skulle brukast til kjempemange par med jule-gryteklutar, pluss å gjere ferdig den blåe glitrandes patentgenseren min. Det var dei strikkenetta som var størst. Men eg putta og oppi ein god del bomullsgarn - i tjukkelse med Mandarin Petit. Og det var nok dette nettet som blei mest brukt! Me har kjørt ganske langt i sommar, og dette passte godt i bilen. Sommaren var og veldig varm - og då frista det ikkje å strikke ein varm ullgenser. Den får vente til kaldare dagar. Bomull var tingen - og striper. Veldig kjekt å strikke striper. Og ruter. Og ny vaskefillestruktur. Mange kjekke småarbeid. Nå er ganske mykje ferdig - det er mindre oppi korgene mine , og eg kan putte nye oppsparte pengar på sparekrukka mi!
Feriestrikket |
To stripete håndkle, desse vart symmetriske. Tenkte dei skulle ha fast plass på gjestetoalettet |
Nye vaskefiller - etter mønster av Bitta Mikkelsborg. Symre og Hegg. |
"Vanlige" vaskefiller - i eit garn avbomull og lin. Fått av Veslejenta. |
Dominohåndkle: Kjekt å strikke litt mindre ruter og. Håndkle igjen. |
Endå meir striper - her vart det ikkje symetrisk. |
To vaskeklutar. Lette å strikke i bilen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar