mandag 4. august 2014

På toppen av Norge!

Eg likar meg godt på tur. I alle år har det vore kjekt å komma seg ut i naturen. Men det er nok verkeleg i dei 4 siste åra, etter ryggoperasjonen min, at eg ser at det er kjempeviktig å holde seg såpass i form at ein verkeleg greier å gå på ein fjelltopp. Trening i kvardagen, i ulendt terreng gjer godt for føter og rygg. I år er eg nok sprekare enn på lenge. Eg passar nok ikkje så godt lenger til å traske rundt på asfalt lenger ....
 I sommar har eg vore på topptur. Eg har lenge hatt lyst til å gå til Galdhøpiggen, og i år passa det inn i ferieplanane. I november planla me kva me ville gjere, og sette av sundag 20.juli. Tenkte det måtte vel vere ein flott og nydeleg dag for tindebestigning! Og jammen vart det det. Strålandes sol - på toppen av Norge - det var ein fantastikk opplevelse. Litt trøtt i føtene etterpå - men det var vel verdt litt vondter.  Gode venner på tur, taugåing over Styggebreen, klatring i ura opp til toppen og ein fantastisk utsikt! 2469 meter over havet! Det var nesten litt trangt om plassen her oppe, det var mange som hadde tatt turen.  Kan verkeleg anbefala ein tur til toppen av Norge!

Klar for tur!

Nå ser me toppen,
gjennom ei glugge av stein.


Blant alle steinane vaks det
jammen nydelege issoleier.


Nå nærmar me oss,
nå skal me snart over Styggebreen.

Lang, lang rekke.



Bare siste 900 meter igjen nå,
og 200 høgdemeter.
På toppen!
Herlig følelse!
Det er den første toppen på over
2000 m.o.h eg har besteget!


Jippi!

Godt å ha med gode turvenner.

Eg hadde sjølvsagt strikketøyet i sekken.
Måtte strikke nokre maskar
her på toppen.

Kjekt med  Sara og med på tur!




1 kommentar:

  1. Fantastisk TUR!! Med kjekke vener!!

    Helsing Siri, Tormod og Sara

    SvarSlett