søndag 11. mars 2012

På pinnane.

Mars er ein fin månad. Lysare dagar, lengre ettermiddagar, sola kan til og med vere varmandes, og det nærmar seg påske. Det må jo forberedast. Eg er nok ikkje av den sorten som har enorme mengdar med påskepynt, men eg skal snart henge opp dei strikka påskeegga frå i fjor. Men for ei veke eller to si var eg på strikkekveld hos Kari. Ho er knallflink til å produsere og inspirere. Denne gong var det påskeharane til Arne & Carlos som me begynte å strikke. Min er dessverre ikkje ferdig, men den har fått følge med hare nr.2 - i litt større variant. Eigentleg vil eg strikke ein enormt stor, som me kan ha det moro med på hytta, men desse to får gjere nytten dette året. Eit påskesokk-prosjekt er og påbegynt, eg håpar å få tid til eit par før påsken kjem. Og så er eg ferdig med bolen på test-flette-jakken og har såvidt begynt på 1.armen. I denne helga har eg og brukt litt tid til elevarbeida på skulen. Me er ferdige med strikketimane, nå var det bare litt monteringsarbeid igjen. Bilder frå mange flotte figurar kjem snart.

Minstejenta  - som blir 18 denne veka - vart glad for fana-genseren.

Ein stor og ein liten.
Den store strikkar eg i Fritidsgarn, den minste i Pt2.

Litt rar farge på bilde, men flotte fletter.
Og nå når eg har lært meg mønsteret,
er dei kjempekjekke å strikke!

Desse skal bli gode og varme i påske-hyttesola. Oppskrifta er frå Drops

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar