søndag 15. mars 2015

Vinterturliv med tur nr. 12 og 13.

Vekene fyk avgårde, og det er allereie langt uti mars. Me har ikkje greid å få oss ein tur kvar veke, iallefall ikkje i lag. Gubben har vore to helger på tømmerhogst, så då går nå tida. Men me er jo eigentleg i rute. Veke 11 - og tur nr. 12 og 13  blei unnagjort. 2 dagar på ski. I tillegg har eg meg nokre bonusturar! Godt å lufte seg litt på eigenhånd og.

Men nå har me vore på tur. Vintertur. Heime er det fint og vårleg - det har faktisk ikkje vore nokre dagar med snø her på Jæren denne "vinteren". Det liknar mest på haust. Men me er glad i snøen - likar godt å gå litt på ski. Me har mange gonger tenkt me skulle pakke sekken og gå inn til ei av turisthyttene som ligg i fjellheimen nærmast oss. Og denne helga passte det å gjennomføre ein slik tur. Strålandes sol, gode vermeldingar, god tid, god mat i sekken - det vart ei fin helg.

Me starta frå Ådneram, øverst i Sirdalen, lørdag føremiddag. Målet var Taumevatn turisthytte, ca 12 km lenger inne. Strålandes sol og ganske bra føre, det blei ein flott tur innover. Litt skareføre var det, men det blei bedre jo lenger innover og oppover me kom. Mange andre var og ute på tur i dag, nokre vart nok lokka av vaffesalget som dei hadde på hytta. Me fekk god tid til å nyte sola i hytteveggen, og kose oss med strikketøy og lesestoff i hytta. Her var ein del folk, mange med ganske små ungar. Det er imponerandes når både ungane og baggasje må sitta i pulk!

Det er kjekt å vere på tur med Gubben. Det er reine husmorferien. Han både bærer all maten, lagar den fint til og serverer den. I tillegg ordnar han med oppvasken (eg bare tørker). Han diskar og opp med flotte matpakkar. Kan det bli betre?

Om kvelden blåste det veldig opp, men det var heldigvis ikkje så mykje laussnø som kunne fyke rundt. Så då me vakna søndag morgon var det framleis ein del vind, men klar og god sikt, slik at heimturen kunne gå greit. Litt støle og stive - kjenner det i "plogemusklane", men med gode minner om ein fin tur til fjells.
Ut på tur!

Det er mykje snø i fjellet i år.
Dette er eit skilt i vanleg størrelse!

Framme ved hytta.
Taumevatnhytta ligg på ca 800 moh

Vinterfjell.

Gubben hadde laga kjempegod niste!

Strikkepause i solveggen.

Snart kveld.

Litt snøføyk før sola forsvant.






Nydelig biffmiddag med kantarell og løk.
Og rotmos frå pakke!

Litt grønnsaker fekk og vere med i sekken.

Gubben var godt forberedt til tur.
Han hadde nemleg laga seg ein mjølblanding
som han laga kjempegodt brød av på morgenkvisten.

Andre hyttebuara blei nesten misunnelege.

Smakte veldig godt med ost og syltetøy på.

Klare for heimtur.
Litt meir vind i dag.

Godt med gode kler.

Ikkje vanskeleg å finne vegen
Når løypa var så godt kvista.

Takk for turen, Terje! Det var ein flott tur!
Neste tur vert kanskje meir vårleg?!

3 kommentarer:

  1. Dette ser kjempekjekt ut. Blir nesten misunnelig her jeg sitter med armen i gips. Men takk for turen til fjells!

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. tusen takk for det. Håpar armen din snart vert god igjen!

      Slett
  2. Ser ut som en flott tur!
    Her i nord kunne jeg endelig ta med strikketøyet ut i solveggen i dag da våren plutselig stakk innom ;)

    SvarSlett