mandag 30. mars 2015

Påske - og litt turliv igjen.

Me ligg visst litt etter.... Eller i allefall slik eg trudde og forventa det skulle bli utover våren. Ikkje like lett å komme seg ut på tur i lag når mange andre ting og opptar tida. Eg har hatt mange bonusturar, enten aleine eller i lag med andre enn Gubben. Men litt av poenget er at me er saman på tur! Fellesskapet, fine opplevelsar i lag ....... det er viktig å ha ein felles hobby eller aktivitet har eg lest, nå når ungane er vaksne og flytta ut!

Men nå er det påskeferie, og då greier me forhåpentleg å hanke inn nokre turar. Tur nr.14 gjekk på ei ny øy i Ryfylke. Børøy, naboøya til vår, den me sitt og kikkar ut på frå gode hyttemåltid, den me ror langs i stille morgonstunder, eller den med alle hyttene og lite bilveg, eller som me oppdaga nå - den med alle trillebårene. Her var mange småvegar mellom hyttene, så me greide å gå i 4,5 km. Då var me stort sett innom alle vegane. Her er 1 gard, ca 50 hytter, fleire store parkeringsplassar - og ein haug med trillebårer som folk brukar til å frakte baggasje til hyttene sine.

Lett å bere børene sine her på Børøy - med andre ord. 
Frå nå av: nytt namn på øya - Trille-Børøy.

På tur i skogen.
Kjekt å gå tur med gode venner.

Lagringsplass.
Klar til neste gong

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar