Nok ei flott helg er over - det har vore ein fantastisk flott vår når det gjelder finver dette året. Solfylte, varme helger - gode dagar som gjer ny energi til kvardagane. Denne helga var ekstra lang - starta på onsdag kveld! Då var bil og tilhengar ferdigpakka og me kunne dra ut på tur. Torsdag var Kr.Himmelfartsdag - og min bursdag! Kjekt å bli eit år eldre. Nå koser eg meg med eigne bursdagar og - før likte eg betre å feire resten av familien enn meg sjøl! Fredag var ein "midt-i-mellom-dag" - fri den og. Og så laurdag og sundag då. Dei egentlige fridagane. Kjekt å vere på hytta igjen - med gode venner på besøk, god mat, gode samtalar, kakefest i anledning den store dagen, tilskuar til sykkelrittet "Tour de Fjords", handletur, gode lange strikkepausar, rusletur langs sjøen og bestiging av ein topp, god naboprat, Gubbe-dugnad under hytta - og sykkeltur rundt øya! Me trives veldig godt her inne i Ryfylke.
|
Frukost i det fri for 51-åringen! |
|
Strandnellikar i hagen |
|
Kjekt med besøk! |
|
Kakefest! |
|
Rusletur langs sjøen. |
|
Flott med hundekjeks. |
|
Sjølfi på toppen av Randåsen. |
|
Godt med tepper og poncho. Litt kaldt om kvelden. Men ute må me sitte likevel! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar