søndag 1. juni 2014

Snart klar for badeliv.

Sommaren nærmar seg med stormskritt - og det er jo ein herlig tid. Noko av det eg sett  pris på med gode varme sommardagar er å få bada litt. Det er herleg å slenge seg i vatnet - eller å entre det på ein fin og forsiktig måte (slik som eg gjer) - og å få symje litt. Eg er nok litt treg til å starte badesesongen - eg er vel ikkje akkurat den som hoppar uti når gradestokken viser langt under 20 grader. Men begynner det å nærme seg 20-talet - då er eg ganske ivrig. I år er eg snart ekstra klar for badesesongen - eg held nemleg på å strikke meg eit eige badehandkle. Nytt sprøtt prosjekt! Jada - eg veit det. Men eg kunne ikkje la ver! Året er jo prega av garnslanking og bruk av allereie innkjøpt garn - og noko måtte eg bruke alt det fine, litt tjukke bomullsgarnet som eg har liggandes, til. Mange av nøstene var sjølvsagt påbegynte, og då er det ikkje alltid lett å finne noko fornuftig å bruke dei til. Då er det jo aldri nok likevel. Så - inspireret av Arne & Carlos sitt hageteppe ( som eg og strikkar på), blei det ein smalare variant i bomull. Nå er det tre veker igjen til ferie - eg har strikka i 1 1/2 veke - eg er over halvvegs - det kan gå å få ferdig mitt eige stripete badehandkle. Prosjektet kan anbefalast - kjekt å strikke striper - kjekt å bruke restegarn!
Ein pose garn  -
det meste med ca 22 - 23 m strikkefasthet
på pinne nr. 3 1/2


Stripe på stripe .....
i fine blåe-grønne-og-lilla-fargar.
Balanse-kunst.
Desse nøstene har eg igjen.
Trur det blir akkurat nok.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar