mandag 11. februar 2013

Tradisjonar.

Me omgjer oss me tradisjonar, og ein av dei er Morsdagen. Den har vart lenge, og kanskje var det handelsstanden som starta den for å få selga litt meir blomster akkurat då. Men uansett grunnen - det er nå koseleg å gjere litt ekstra  stas på morene ein dag i året. Her i huset hadde med fullt hus og stormandes jubel på morsdagen! Nydeleg laksemiddag - ( der mora slapp å lage alt aleine!) for barn & svigerbarn og bestemødre - og bollefest i same slengen! Kjekt å vere i lag alle tre generasjonar innimellom. Huset blei fyllt av folk og blomar og presangar - koseleg! Og jammen trakk dei opp strikketøyet sitt alle tre jentene mine - og hadde ei kosestund på sundagen. Dei gamle er ikkje ennå heilt fortrulege med sundagsstrikk - men her i huset er det nesten den aller beste strikkedagen:-)    Eg er stolt av dei tre flotte jentene mine!
Takk for ein fin dag!

Nydelege roser frå Guro-jenta mi!

Gubben hadde og kjøpt blomar - flotte tulipanar.

Gåve frå eldstejenta -
sjokolade, pulsvarmara og spennandes syltetøy!

Roser frå morå mi.

Gåve frå minstejenta - ein cafèbesøk!
Me har hatt nydeleg lunsj på Pastabakeriet i dag:-)

1 kommentar:

  1. Det høres ut som den perfekte morsdag;) Nydelige blomster og koselige gaver;) Jeg tror søndag har blitt strikkedag hos mange. Tidene forandrer seg, og gammel innprenting sitter. Min bestemor fikk vondt om noen av oss tok frem håndarbeidet på en søndag. Så da ble det i smug.

    SvarSlett