mandag 30. april 2012

Heimesydd!

I dag har eg blåst støvet av symaskinen og hatt ei systund. Trekket på slagbenken på kjøkkenet var utslitt og trengte å fornyast. Det er ikkje kvar veke symaskinen er i bruk, men jammen er den god å ha. Nå skal den og eg og alle garnnøstene under  senga snart få eige rom. Ungane treng ikkje rommet - eller kottet som Minstejenta likar å kalle det, lenger, så då er det min tur. Eg gler meg stort! Lurar bare på kva namn rommet skal ha: syrommet (eg syr jo ikkje så enormt mykje), strikkerommet (rart namn), nøsterommet (jammen det skal jo ikkje bare vere eit lager heller), arbeidsrommet, strikkekottet, koserommet (det kan kanskje misforstås...) eller bare ROMMET? Kom gjerna med gode tips. Først skal iallefall den intenst gule veggen bli kvit!

Nytt og blomstrete

Ein lærar må jo ha ei tavle i heimen og - grei til viktige beskjedar!
Familie-bursdagskalenderen heng på sida av -
me går snart inn i ein viktig månded!

6 kommentarer:

  1. Flott trekk!

    Koserommet kan kanskje misforstås;-) men kva med HOBBYROMMET? Då inkluderer jo det strikking, sying, diverse anna du måtte finne på:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for koseleg kommentar. Ja, kanskje det må bli hobbyrommet! Iallefall ikkje sutrebuå!

      Slett
  2. Eg likar godt KAMMERSET. Det er eit gamalt ord for eit ekstra rom som var til så mangt. Heime hadde me kammers, og eg har etterkvart tatt det gamle barnerommet her hjå oss til kammers, koseleg syns eg:) Klem Liv Oddny

    SvarSlett
  3. OOOOOps! Gløymde reint å kommentera kjøkkenet ditt: Det vart kjempe fint med nysydd trekk og matchande puter og bursdagskalender. Snakkast snart!:) Gler oss:)Liv O.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, koseleg namn med kammers! Ja me gler oss t ei helg på Hellvik:-)

      Slett
  4. Hei. For en koselig blogg du har. Jeg la meg til følger. Jeg er også lærer og liker håndarbeid, hage og interiør.
    Ha en fin kveld. Klem, Drude.
    PS: fant deg hos Lilla dør.

    SvarSlett