1.mai blei ein fantastisk dag. Ein herleg fridag med tid til litt
forskjellig. Gubben har ofte "havesyken" på denne tida av året, og i dag
har han planta masse løk i kjøkkenhagen. Nå gler me oss til eigendyrka
løk seinare i sommar. Eg gjekk laus på løvetannen i plenen, eg likar
nemleg ikkje alle dei fine, gule når dei veks der. Det blei fleire
bøtter. I tillegg gjekk eg laus på "spøderommet" - dei gule veggene
måtte vike for kvit og lys farge! Eg gler meg enormt til å "flytte inn".
Strøk nummer to vert ein annan dag!
| Gult kan vere kult! |
| Mykje løvetann! Ein god jobb er unnagjort! |
| Godt utstyr! |
| Gubben i kjøkkenhagen! |
| Purren skal ut! |
| Nytt skilt - greit å vite kor ein har planta ting. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar