I år var 17.mai ein av dei suraste dagane på lenge! Pøsregn, 6 grader
og mykje vind. Ikkje kjekt å vere ute å lufte finstasen - med andre
ord. Så i år laga med 17.lunsj - for dei i slekta som ville ha!
Heldigvis var det nokon. Eit koseleg måltid - då gjorde det ikkje noko
om regnet ausa ner - før me pakka sakene våre og drog til hytta! Herleg!
På Randøy skin "alltid" sola - iallefall vart det flott ver så og seie
heile resten av helga! Gode dagar - med tur, strikk, sykkeltur (på dei
gamle"jernhestane" våre), shopingtur til Hjelmeland, hagearbeid for
gubben - og spraymaling av gamle korgstolar som egentleg var klare for
St.Hans-bålet. Nå varar dei ei stund til!
| Kjekt å finne blomster i hagen! |
| Fine 17.mai-smil. |
| Besøk av "Gubbe-broren" - med svigerfars russe-slips! Ganske flott! |
| God gjeng - som kosar seg med blant anna aspikk. Ein undervurdert rett! |
| På hytta blomstra denne! Ganske fantastisk! |
| Strikk og kaffi = god frukost. Og så Ni-timen. Den likar Gubben å høyre! |
| Me gjekk tur langs berga i sjøkanten. Masse flotte strandnellikar! |
| Nydelig farge - og eit nytt bord. Gubben har laga det av ei båttilje! |
| Godt i solveggen - med det solglade teppet! |
| Kjekt å gå på tur i lag! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar