fredag 12. august 2011

Rallarveien.

Me har vore på tur, sykkeltur denne gongen. Me har sykla Rallarveien for 2. gong. Det var ein flott opplevelse. Ikkje like godt ver heile tida, men avslutningen på turen var fantastisk flott. Nydeleg solskinn og godt og varmt! Me starta på Haugastøl, på leigde syklar som var kjempegode, og sykla inn til Finse i pøsregn. Her fant me eit flott hotellrom på "Finse 1222", ein god og varm dusj, 3-rettars middag, og eit godt og varmt badegolv til å tørka alle dei våte kleda på! Neste dag gjekk turen vidare over fjellet, over det høgaste punktet på 1343 meter, og så nedover mot Hallingskeid og Myrdal. Her sykla me ner 21 bratte hårnålssvingar, før me var nede i flatare terreng. Nedover Flåmsdalen gjekk det i fin fart, mellom geiter, flotte fossar, sjarmerandes gardsbruk og fotturistar. I Flåm fant me nok eit flott hotell, med ein god varm dusj. Me leverte syklane tilbake, og fekk oss ein fantastisk buffèmiddag til kvelds. Store cruise-skip og masse turistar sette sitt preg på bygda. Artig for oss og! Tilbaketuren over fjellet tok vi med tog. Først Flåmbana og så Bergensbanen! Takk for godt reisefølge til våre gode venner frå Ålgård. Nå er me spente på kor neste tur skal avviklast! Gler meg allereie:-)
Ein blid gjeng!
 
Skodda hang tung over fjella.

Nydelig dessert på Finse.

Gammalt og ærverdig hotell.

Gubben på sykkeltur! Han tok like godt all baggasjen!

Høgaste punkt!

Ein god lått for dei lilla damene!

Flott hotellmiddag.

Er det neste tur som er under planlegging, tru? Me gler oss;-)

Neste morgon hadde me denne utsikten frå rommet vårt. Nye turistar!

På togtur.

Turvennene "lurte" seg med på bilde!

Godt med lilla fleece og varme pledd! Klare for middag i Eidfjord.

Heimvegen gjekk gjennom Hardanger. Då måtte me kjøpe masse moreller.

1 kommentar: