Nokre regnfulle sommardagar kan brukast til så mangt. Eg har hatt ein prosjekt på planleggingsstadiet over lengre tid, og endeleg greide eg å rive meg laus frå strikketøy og sommar-lektyre, og sette igang. Me har ein stor og god kjøpmannsdisk i gangen, i luta furu eller noko slikt. Nå var den ganske sleten, og eg var lei av å sjå den slik. Så etter ein innkjøsrunde var det bare å gå igang. Tre små boksar med beis - i ulike fargar. Blå, lilla og grå! Spennandes. Kjekt å svinge malekosten innimellom. Og resulatet? Sjå sjølv! Eg er kjempegodt fornøgd!
|
Kva er den optimale plasseringen av dei ulike fargane, tru? Det kan nok diskuerast! |
|
Nå gjeld det å huske kven sine skuffer det er. Me har kvar våre. |
|
Den lilla beisen vart litt mørk, men fin likevel. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar