Idag hadde eg meg ein flott morgontur på stranda. Det er deilig å stige ut av bilen ved hengjebrua ved Sele, og leggje i veg sørover. Eg likar best å gå i dei graskledde sanddynene. Det er god trening for ryggen. Idag var det heilt spesielt. Sjeldan har eg sett så mange ulike blomstersortar som i dag. Turen tok litt lenger tid enn den pleier, eg måtte stoppe opp og nyte synet + ta bilder! Men kva gjer vel det? Ferietid er jo gode, late dagar!
|
Blodstorkenebb |
|
Gulmaure |
|
Ukjent av meg, men fin. |
|
Blåklokker |
|
Rødkløver |
|
Nyperoser |
|
Stien går tett inntil kornåkeren. |
|
Ryllik - eg plukkte store mengder her ein dag - til fargeriet. |
|
Gult er kult! |
|
Ein slags -vikke. |
Og her kjem ein liten videosnutt -
eg har kalla den
" Ein grønn morgon"!
(Eg holdt visst telefonen opp/ner då eg filma!
Sånn er det med amatørar!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar