torsdag 7. juli 2011

Sommarlektyre.

Det nærmar seg ferietid. Eg har rektignok hatt ferie lenge! Det er jammen fint å vere lærar om sommaren! Men nå får endeleg gubben og ferie og me kan dra ut på tur. Etter nokre dagar i storbyen Paris, skal me ut på kjøretur. Bare oss to eldste i familien. Me skal ein tur nordover vestlandet, til kjekke slektningar på mørekysten. Det kan jo bli kjedeleg me ein så lang kjøretur, (eg kan jo strikka, då), men  kva i all verden skal me snakke om heile tida? Og så skal me jo kjøre heim igjen og, det er like langt det. Så nå har biblioteket fått eit besøk, og to lydbøker er lånte. I år skal me altså prøve ut det - å høyre lydbok underveis. Kanskje det vert vellykka? Kanskje må me ta ein ekstra omveg for å høyre ferdig?  Me får evaluera etterkvart!
To lydbøker - ca. 21 timar høyretid.




1 kommentar:

  1. Så koselege og spennande ferieplanar, både til sør og nord! Eg ønske dokke mange gode opplevingar, det vert spennande å høyre (kanskje me får gode reisetips:)?
    Me er og snart klar for ein tur ut i "den store verda" , kjekt på tur.
    GOD sommar så lenge!! Klemrut

    SvarSlett