søndag 22. mai 2011

Ut på tur!



Me er inne i ein god stim for tida. Me har vore på tur igjen! Denne gong var det ikkje ein topp som "lokka", men himmel &hav, landet vårt sett frå kyststripa. I lag med gode venner og kollegaer, gjekk me strekkningen frå Viste Hotell til Tungenes fyr, ein tur på ca 13 km. Det var bare ein FANTASTISK tur! Vind (mest medvind!),sol, enorme mendgar med ville blomster, god niste, flotte svaberg, Ei stor gravrøys frå tidleigare tider ( og som me kunne krype inn i!) rullesteinsstrand, nysgjerrige kviger, hestar som me måtte liste oss forbi, strender og sjø!  Ein flott måte å bruke ein lørdag på. Etterpå fekk me sukijaki , japansk nasjonalrett heime hos dei i Ospevegen! Nydeleg og spennandes mat!
Ved Vistnes fyr.
 
Me såg store mengar strandnellik! Fantastisk flott!

Gravrøysa - som me kraup inn i.



Ein gammal vikingeghøvding?
Godt med litt mat i naustveggen.

Lange-lange-rekka.

Ein pust i bakken - i ei eng av strandnellik.

Eit fantastisk syn! Blomstene altså!

Turglede.

Fiolar. Utruleg flotte!

1 kommentar: