søndag 29. mai 2011

Flott bursdag!

I dag har eg hatt bursdag! Og det blei ein flott dag! Eigentleg er eg ikkje så glad i å feire meg sjølv, men med åra har eg lært meg å sette pris på det. Det er av og til godt med gode klemmar frå gode venner, koselege meldingar på mobilen, og eit lite selskap i lag med familien! Denne dagen starta godt, med 13 fjortis-jenter på overnatting, noko som resulterte i bursdagssong kl.00.30! Koselig! I tillegg har dagen vore innhaldsrik, med flott familie-gudsteneste, bilrebus, middag hos kinamannen  og ein god & rask gåtur i vinden på stranda med veslejenta. Og så har eg" hevet" meg på den nye idretten som er så populær for tida: nemleg  PLANKING! 1.stunt var på sofakanten heime! Så følg 
med: plutselig kjem det ein fortsettelse !
Nydelege blomster frå gubben!

1.plankestunt - på sofakanten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar