søndag 15. mai 2011

Ei fin og innholdsrik helg!

Denne helga har vore fin. Kanskje ikkje ver-messig, men med kjekt innhald. Fredags ettermiddag drog me på snartur til hytta, med minstejenta som sjåfør, og "Lille Blå" som transportmiddel! 
Mora vart forvisst til baksetet! Men kva gjer vel det?
Godt strikketøy og kjekke folk i framsetet, 
då er turen redda likevel. 
Hyttekveld med god mat, 
gubben som klypper plenen, og fin utsikt.
Lørdag etter frukost, pakka me oss heim igjen, 
rart å vere her så lite. 
Men veslejenta  kjørte oss tryggt heim igjen og, 
i pøsregn.
Lørdagskvelden hadde me besøk av gode venner.
Sundag vart det tur på stranda, 
samt nysteikte vaffler og besøk av mormor til kaffi!
Nå skin sola, me håpar det varer til 17.mai.
Eit lite tilbakeblikk viser at i fjor på desse tider,
var det sjukehuset som var opphaldsplass! 
Gjett om eg er glad for å kunna bevega meg fritt, 
kle på meg sjølv, 
gå på jobb 
og ellers gjere det meste av det eg har lyst til!
Eg er uendeleg takknemleg for det!
Flink sjåfør!

Ville orkidear i hyttehagen

Bekkeblom.



 Like kjekt kvart år når desse lyser opp i bekken.

Sengeteppet til hytta.
Eg fekk strikt nokre ruter der bak i baksetet!
Strandtur i vinden:
Frå Hengebrua på Sele til Fuglingane (steinane i bakgrunnen)
Ha ei fin 17.mai-veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar