søndag 26. september 2010

Veke 38.

Vekene går utruleg fort. Hausten er definetivt over oss, med dagar fulle av regn og ruskever, mens andre er fine og solrike. Fargane ute er i ferd med å skifte, og det er lett å kose seg inne!Kvar dag er ei gåve, det gjeld bare å utnytte den godt, slik at det blir ein god dag! Forutan det som bilda nedeunder viser, har eg fått tid til 3 turar på stranda denne helga (den eine var sundag morgon kl. 8.30! Då var der fantastisk flott ute!), sendt gubben på jakt- og fisketur, vore på kinaen med minstejenta, vore "taxi-sjåfør" til Vigrestad seint lørdagskvelden, fått forlenga sjukemeldingen i ein måned til - og endeleg bakt nye knekkebrød.
Måndag 21.september
Min fana-bollero
(me likar å kalle det bollero)
er ferdig! Hurra.
Tysdag 22.september
Eg har lært meg kontstrikk!
Ein gammal strikketeknikk frå Finnskogane.
Nå kan eg strikke begge veier
utan å snu strikketøyet!
Dette er ein prøvelapp!

Onsdag 23.september
Maren har gitt meg eit oppdrag!
Ny jakke i litt tjukt garn.
Oppskrifta ligg ved!

Torsdag 24.september
3 mnd til jul!
Ynden som me fekk i sommar
har blomstra uavbrutt!
Kjempekjekt!
Fredag 25.september
Ny mikrobølgeovn.
Det gamle var blitt til ei brannfelle!

Lørdag 26.september
Besøk av storesyster til kaffi & vaffler
og strikketøy!
I kveldinga var himmelen fantastisk!
Sundag 27.september
Endelig bakte eg knekkebrød!
Godt og sunnt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar