søndag 3. oktober 2010

Ny veke - nummer 39!

Veka er igjen over - og nye bilder kan leggast til mappa med blinkskudd! Ulike aktivitetar har det vore denne gong og, og eit lite tilbakeblikk viser litt av det me held på med for tida. I tillegg har me her i huset:
¤ Begynt å rive ner badet på loftet - for å pusse det opp igjen etterpå.
¤ Vore på foreldremøte på den nye Vågen vidaregåandes skulen. Nytt og flott!
¤ Hatt ein koseleg foreningskveld med misjons-venninnene.
¤ Hatt besøk av den nygifta - som har gått lang fjelltur med faren i stiv kuling og regn, gjennom Ritlandskrateret på Hjelmeland, til Melands Grønahei. Spreke folk!
¤ Gått tur på stranda i pøsregn og sterk vind.
¤ Ellers finn eg ofta tid til litt strikketøy og kaffikos! Gode pausar i kvardagstravelheita!

Måndag 27.september

Fiskemiddagen i dag vart
nysteikt aure frå Kvinlog.
Resulatet av jakt- og fisketuren til Terje.

Tysdag 28.september

Terje gjekk "berserk" på badet!
Det skal bli nytt og fint!

Onsdag 29.septemberEg stod i kø tidleg om morgonen
for å benytta meg av gode tilbud,
samman med mange av våre nye landsmenn.
Dei kjøpte store flatskjermar,
eg nøyde meg med ein "småskjerm"
+ ny kaffitraktar! Kom og smak!

Torsdag 30.septemberEg fekk vere ilag med dei kreative damene
og lage sokkautstilling av
temasokkane våre!
To av para mine blei selde! Artig!

Fredag 1.oktober

Fiskane til Guro har flytta inn i nytt hus!
Gode flotte forhold her.
Lørdag 2.oktober
Jakken som eg har stikka til
Matilde er ferdig!
Hurra!

Søndag 3.oktober
Koselig sy-verksted på spisebordet .
Eg har begynt på ein ny løpar, Maren sydde
etui til den nye Mac'en sin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar