søndag 17. oktober 2010

Veke 40

Så var haustferien over, og me er nesten klare for ei ny arbeidveke. Om det var deilig med ferie? Tja! Alltid godt med eit avbrekk frå det daglige, men også denne ferien vart brukt til sofasliting! Eg fekk nemleg oppkast og diare ein god del av dagane. Ganske kjedelig! Men - me kom oss til hytta likevel, med bilane full av kjekke jenter, god mat, strikketøy - og arbeidslyst til gubben!Veret har iallefall vore nydelig. Og ingen plass er vel  finare enn Randøy i haustsol!

Måndag 11.oktober
 Maren og venninnene koste seg med "Ticket to ride"

Tysdag 12.oktober
 Nydelig ver - og ein utsikt som me er glad i!

Onsdag 13.okober
 Maren hadde seg ei skule-arbeids-økt på Hjelmeland bibiotek.
Mora var sjåfør.

Torsdag 14.oktober
 Hausten er komt til Randøy

Fredag 15.oktober
 Vel heime igjen.
Kveldsstemning på den nye
haustløparen eg har sydd!

Laurdag 16.oktober
 Eg har lånt eit bilde frå Terje:
 Han greide endeleg å fange ein lovleg hummar!
Den smakte nydeleg på vår 28'ende forlovelsesdag!

Sundag 17.oktober
Vind og blåst på stranda!
Ryggen verkar - eg treng å gå!
Nydelig med ein tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar