tirsdag 14. september 2010

Veke 36.

Så var me til veis ende igjen - av ei ny veke. Stadig nye hendingar pregar dagane, og gjer at dei blir gode og innholdsrike. Eit av høgdepunkta denne veka var turen til Bergen, der me fekk besøka Matilde og Aleksander og vere med på "Bacherlor-sermoni". Men ein god tur på stranda ein tidleg morgon var og ein god opplevelse, pluss små kvardagslige ting som modne aprikoser og at eg ferdig med regnbueteppe. Desse gylne kvardags-øyeblikka er ein del av livet, som me må øva oss i å sjå og fryda oss over! Ha ei fortsatt fin veke!
Måndag 6.september
Nydelig kveldshimmel.
Tysdag 7.september
Ferdig! Hurra!
Onsdag 8.september
Morgonlys på stranda.
Torsdag 9.september
Aprikosa som veks på ferskentreet vårt,
nærmars seg modne.
Me trudde treet var eit ferskentre i 10 år!
Fredag 10.septemberDei to seriøse studentane våre,
glade for eit flott vitnemål!
Lørdag 11.september
Frokost i Gamle Nøstegaten 20,
2.etasje - hos de nygifte!
Kjempekoselig!
Sundag 12.september
Tur på stranda!
Det blei den 5.treningsøkta mi denne veka!
Eg er ganske stolt!
Godt for ryggen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar