mandag 6. september 2010

Veke 35.

Nok ei veke er over! Det har vore ei veke med litt forskjellig innhald, både kjekke og litt dumme hendelsar. Det dumme er at ryggen og beina har verka ein del, og eg har fått beskjed om å ta det litt meir med ro! Så nå er eg nere i 50 % sjukemelding. Jaja, det må jo bare gå ein veg - oppover! Plutselig er eg tilbake i full jobb! Dei kjekke hendelsane kan du kikke på her - på vekas blinkskudd!
Måndag 30.august
Maren var i bakehumør!
Pluselig var kjøkkenbenken
full av deilige scones!

Tysdag 31.august
Bokpakke i posten!
Nå skal eg læra meg noko nytt:
Kontstrikk!
Ein slags flettestrikk.

Onsdag 1.september
Hårfarging på gang!
Godt med ein heime-frisør!
Torsdag 2.september
Grønnsaksuppe til middag!
Med heimedyrka løk.
Kjekt å ha sjølvplukk i hagen.
Fredag 3.september Helgetur til Eidenburgh.
Smakte på "Fish and chips"
for første gong:
Smakte kjempegodt -
sjølv om fisken var enorm!
Lørdag 4.september
Shoping i Eidenburg!
I år er det lilla som
er yndlingsfarge!
Sundag 5.september
Eg fant heldigvis ein garnbutikk!
Kjekt å kjøpe med nokre nøster heim!
Legg merke til posen.
Gjennbruk frå India, av gamle aviser!

1 kommentar:

  1. Håpar rygg og føter vert gode fort! Det høyrest lurt ut å ta det litt med ro. Så kjekt det såg ut på tur!! Det lilla snopet likte eg godt, flott farge som kjem på haustmoten:)
    Heldige du med den heimefrisøren, er det ei attåt næring? Kanskje me kan bestille tid??:)
    Snakkast på torsdag, om ikkje før. Klemrut:)

    SvarSlett