søndag 26. oktober 2014

Sundag kveld - og snart klar for ei ny veke.

Ein liten statusrapport frå Konglevegen sånn i slutten av oktober: 

1. Den grønne kosegenseren er ferdig. Kjekt med tjukt garn og tjukke pinnar innimellom.
2. Gubben er augeoperet for skjeling, så han er sjukemeldt denne veka.
3. Då kan eg venta meg nydeleg ferdiglaga middag kvar dag!
    (Det gjer eg visst til vanleg og - han kjem først heim).
4. Dei gamle mødrene vore har vore her på middag  og kaffi i dag.
5. På torsdag pakkar eg kofferten. Ut på tur. Minstejenta og syster Jorunn ventar i nord!
6. Eg fann ut at Gubben ligg langt nere på strikke-prioriterings-lista mi.
    Nye sokkar til han er påbegynt. Han har små ønsker.
7. Stripejakken , 6B, veks. Måtte bare ha ein liten sutre-pause.
8. Mykje regn ute denne helga, fint å kose seg inne då.
9. Fine roser til helga.

Kosegenser frå "Rosendal"-boka


Dette var genser nr.7 strikka i 2014.
Alle til meg.

Nye Gubbe-sokkar.
Garn funne i sokkegarn-korga
på Kammerset.

Kjekt med roser!
Og litt frå hagen.
Eg fann Gubben på Kammerset ein dag!
Kanskje han vart inspirert han og?
Godt med fine fargar rundt seg!

Ha ei god arbeidsveke alle saman.
Pass på å ikkje ha det så travelt at du ikkje har tid til ei strikkestund
eller ein koseleg prat med nokon du kjenner.

1 kommentar:

  1. Jeg er pensjonist og skal nok få tid til både strikking og prat med venner. Nydelig grønn genser! Den fargen er så fin! Lekre roser pynter opp! Greit med sokker, kjekt å strikke og alltid velkomment.
    Arbeidsuke? Jeg har begynt på klingebaksten, og det blir nesten jobb. Det tar sin tid i alle fall.
    God tur nordover!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett